Horndalsnuten, Raundalsryggen

Horndalsnuten er eit fantastisk flott fjell på 1461 moh. som ligg som den eine enden av Raundalsryggen. Denne fjellrekka med 4 godbitar (Skipadalsnuten, Seldalsnuten og Olsskavlen) ligg i både Granvin og Voss (mesteparten av fjella ligg sjølvsagt i Granvin).

Sjå fleire bileter på Google+.

Denne vakre vinterdagen i vinterferien gjekk me ein fantastisk tur til Horndalsnuten via Skaftedalen, Skykjeset og Vetlehondalen. Forholda var svært flotte, med gode mengder pudder, lite vind og mykje sol. Me kunne gå i berre ull heilt til topps. Denne ruta er passande i det meste av føre, då det ikkje er nokre spesielt utsatte stader for skred. Dette må du sjølvsagt vurdere den dagen du går.

For dei som likar å sjå ein liten film, så kan du her få med deg ein liten oppsummering av turen, filma med GoPro HD Hero2 og Hero3.

Sjå filmen på YouTube for full HD.

Dersom du har lyst å prøva deg på turen så kan du sjå ruta me gjekk under. For å kome deg til Skaftedalen må du køyre opp ved Skjervet. Dette betyr at du må køyre gamlevegen utanom Tunsbergtunnelen, opp Mot Skår og Kolskår (med ikkje ta av mot desse stadene). Det er ikkje alltid like lett å finne parkeringsplass, så ta med minst mogleg bilar. Ruta er generelt grei å finne ut av, men det kan vere godt å ha med ein GPS i tilfelle du skulle koma ut for stygt ver eller liknande, sidan det ikkje manglar på stygge alternativ for nedkøyring, og.

Sjå ruta med meir informasjon hos Endomondo.
http://www.endomondo.com/workouts/162091547/824032

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.