Kjepso er for mange «utombygdingar» mest kjent for sine 30 minutt i rampelyset i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du kan fortsatt sjå programmet på NRK sin nett-TV.
Dersom du berre er interessert i bileter kan du sjå nokre i eit album som ligg på Google+.
Kjepso gard ligg i Kvam Herad i Hardanger, på nordsida av Hardangerfjorden. Dersom du kjem frå Bergen må du leite ei halv mil innanfor Ålvik, eller eit par kilometer frå Lussand dersom du kjem frå Granvin. Garden ligg på 250 moh. og har ei flott utsikt, og eit spennande terreng rundt. Her er det velhaldt grunna at det fortsatt er folk på garden på sommaren. Du finn og nokre artige Høglandskyr frå Skottland.
Det er laga flott sti med trepper og gjerder frå hovudvegen, og det er godt med parkeringsplassar der stien byrjar.
Det som er vel så spennande for dei som ynskjer å gå litt lenger enn i nærområdet, er at det er laga ein til tider luftig sti rett opp på den tilhøyrande stølen. Sjølv om det kan vere både tungt og ekkelt for dei som ikkje likar stigar så får du velkjent Hardanger- og fjordutsikt som betaling, og det er vel ikkje mange som klarar å sei nei til?
Stien kan vere vanskeleg å finne byrjinga på. Rett etter garden må du halde til høgre etter grinda som omringar området. Deretter blir det forholdsvis lett å sjå stien, sjølv om den går mykje over stein og kryssar nokre bekkar (elver, av og til). Når det vert brattast så har det blitt satt opp nokre lovleg lange stigar, men dei står støtt og føles trygge.

Ei lita stund etter stigane får du den allerede nevnte utsikta.

Sjølve Kjepsostølen ligg på litt over 700 meters høgde. Det står eit sel der oppe, der du kan skrive deg i turboka som heng ved døra. Eg anbefalar turen sterkt til alle som er interessert!

GPS-korrdinatar frå turen kan du sjå under, eller direkte hos Endomondo:
Mange vel å gå til Kjepsostølen frå Ålvik, noko som er ein lengre, men mindre luftig tur. Du kan lese ein turbeskrivelse hjå Sprek-tjenesta til Bergens Tidende.
Leave a Reply