Det finnes mykje god musikk, og eg skal ikkje blande meg opp i kva du høyrer på. Men, eg har lyst til å gje nokre tips til litt meir inkluderande og fascinerande opplegg der kreativitet viser kva du kan få til med litt forholdsvis enkel web-teknologi og lydar. Me snakkar fortsatt musikk, men du kan delta utan å vere i stand til å gnikke på ein gitar, blåse inn i ein trombone eller hamra laus på trommer. Du må rett og slett kunne trykke på ei mus/ein touchpad/ein skjerm eller liknande. Slå deg laus.
Det er til og med litt jolestemning å få, for dei som likar slikt noko.
1) «Festive Funk Machine»
Du startar ulike lydar, rytmar, musikkparti og liknande med å trykke på den tiltalande grafikken. Det blir bra uansett kva du gjer, men pass på å kom i jolestemning med å trykke på vår vetle ven, roboten (sjå bilete under). NRKBeta har og skrive ein meir utfyllande artikkel om denne godbiten.
2) Patatap
Basert på konseptet om å trykke på ein knapp (a-z) for å få lyd, trykke på ein annan for å få ein annan lyd, og så etterkvart få til noko som kling vent og vakkert. Her vil du i tillegg få småfin grafikk og animasjon til.
3) Daft Punk console
http://www.najle.com/idaft/idaft/
Igjen, trykk på knappar og få vakker musikk på plass. Her har du grunnkompet til fleire Daft Punk-låtar i bakgrunnet, og kan deretter spele av til dømes vokalsampla i låter som «Harder, Better, Faster, Stronger».
4) «in Bb 2.0 – a collaborative music/spoken word project»
Du får sjølv avgjere kva du får ut av denne, men poenget er like enkelt som i nettsida over: Start dei ulike YouTube-videoane i kva rekkefølge du ynskjer, og du vil teknisk sett få noko som fungerer. For meg, i alle fall. Fascinerande.
5) HTML5 Drum Machine
Bli produsent for heftige, sløye og rampete beats. Lag rytmar, bruk trommer. Enkelt konsept, fint gjennomført.
You must log in to post a comment.