Infographics

Infographics er grafiske representasjonar av informasjon, data eller kunnskap som er meint å presentere kompleks, og gjerne «tørr», informasjon på ein rask og tydeleg måte. Du får ikkje alltid gått like mykje i dybden, men det fungerer bra som ein oppsummering. Ikkje minst; det er spennande å jobbe med, og ofte visuelt spennande å lese eller sjå.

Du kan sjølvsagt gjere så mykje du vil ut av det, og det er vel ein definisjonssak kva som er «skikkeleg» infographics, og ikkje berre eit standard histogram, til dømes. Uansett, eg bruker å gje dette som ei oppgåve til elevane mine i IT- og mediefag, noko som gjer mange spennande og flotte resultat som eg viser fram lenger nede.

Aller først har eg lyst å hinte til ein samling eg stadig vekk legg til innhald i, som ligg på Pinterest: pinterest.com/hausnes/infographics/ Som du kanskje vil sjå er kjeldene varierte, men gode leverandørar (eller meir korrekt distributørar) er til dømes mashable.com. Når eg skreiv eit innlegg om øl tidlegare så innehaldt dette, etter min meining, ein god visualisering:  Øl.

Ei nettside som og kan by på mykje inspirasjon og hjelp er visual.ly.

Dei ulike eksempela under er laga av elevar ved Bergen Handelsgymnasium frå mellom anna hausten 2013 og 2014, der navn er spesifisert på dei visualiseringane som elevane ynskjer det. Oppgåveteksten dei fekk ligg under, og kan vere eit tips å køyre i (ein eller annan modifisert versjon) i andre fag, og.

Det blir og laga ein del interaktive animasjonar (i Flash) som fungerer veldig bra:

Oppgåvetekst (du kan og sjå originaldokumentet på Google Disk/Drive):

Du skal bruke Flash eller Photoshop (helst i kombinasjon) for å lage ein såkalla «infographic» eller annan visuell presentasjon. Dette er typisk grafikk som til dømes forklarar eller framstiller statistiske eller historiske data på ein meir (spennande) visuell måte enn me ofte ser.

Kort fortalt snakkar me om ein visuell presentasjon av informasjon, her gjelda til USA (NB: sjå biletet lenger oppe).

Verktøy og hjelpemiddel

Oppgåva tillet meir tradisjonelle «statiske» visualiseringar (laga i Photoshop) i tillegg til animerte infographics (laga i Flash). Du kan bruke andre program til hjelp. Prosjektidèen skal godkjennast før du set i gang.

Du skal i hovedsak utvikle eigen grafikk, men du kan i tillegg benytte deg av andre sin (då sjølvsagt med kjeldereferansar). Eksempel på kjelder er ikon, fonter, fotografi og andre ressursar.

Tema: «Kva skal eg velje å visualisere?»

Eksempel frå nettet og kjelder til informasjon eller statistikk som kan egne seg for visualisering kan du finne i denne lenkesamlinga, eller endå betre her (Pinterest-lenka du og finn lenger oppe). Ta deg tid til å bla gjennom ein del eksempel – få inspirasjon. Kva er det som gjer at noko fungerer, eventuelt ikkje fungerer? Tema du vel bør ha ein samanheng med eit eller fleire fag frå skulen. Dersom ikkje noko innan IT2 fristar, kva med samfunnsfag, historie, fysikk eller matematikk? Tidslinje i historie er eit godt eksempel, eller kva med ein interaktiv presentasjon (history.com)? Ta gjerne utgangspunkt i ein forskningsartikkel frå forskning.no.

Innlevering

Du skal levere inn masterkopien (PSD eller FLA), samt ein komprimert versjon som er egna for distribusjon på internett.

Krav

1)
Du skal velje ein størrelse/oppløysning på det du leverer inn som er hensiktsmessig. Detaljar som er viktige for det du framstiller skal vere lett å sjå og forstå. Kvaliteten skal vere god. Du vel sjølv leseretning, og kan lage dokumentstørrelsar som gjer at brukaren må bla til høgre, nedover, osv. Val av grafikkformat er og ein viktig vurdering.

2)
Du skal:

  • Vere konsis. Design infographicen rundt eit hovedtema.
  • Vere visuell og kreativ. Sjølv om infographics kombinerer tekst og bilete må vektlegginga vere å lage ein visuelt tiltrekkande grafikk.
  • Vere sjølvforklarande. Visualiseringa skal forklare data nærmast av seg sjølv.
  • Vere relevant.
  • Vere transparent – til dømes ved å oppgje kjelder.
  • Vere (litt) nyskapande. Kakediagram og søyler er lette å forstå, men kanskje ikkje veldig spennande i alle situasjonar?
  • Vere nøyaktig. Visualiseringa må presentere data korrekt, og forståeleg.
  • Sei noko. Infographicen bør ha eit bodskap, ikkje berre vere en grafisk framstilling med einaste hensikt å lage ein framstilling.
  • Vere kritisk. Det er ikkje alt som egnar seg eller treng ein visuell framstilling.
  • La gjerne nokon andre vurdere før du bestemmer deg.

Klarar du berre å fokusere på to punkt lar du dei vere visuelt og informativt.

3)
Vel deg ut ei målgruppe som du kort beskriv i vedlagt dokument.

4)
Grafikken og andre ressursar du lagar sjølv og som du vel ut frå andre kjelder skal fungere saman. Tenk fargar. Tenk fontar. Tenk stil. Ei god sjekkliste er punkta som blir gjennomgått i multimedieboka på side 45-49.

5)
I tillegg skal grafikken/innhaldet vere organisert på ein god måte. Dette inneber å utnytte inndeling i lag, grupperingar, med meir. Alt skal vere namngitt på ein forståeleg måte.

Alle kjelder må vere lagt ved eller referert til.

Vurdering

Du får ein karakter på det samla arbeidet basert på krava ovanfor.

Kompetansemål

  • planlegge og utvikle multimedieapplikasjoner ved å kombinere egne og andres multimedieelementer av typene tekst, bilde, lyd, video og animasjoner
  • (bruke programmeringsspråk i multimedieapplikasjoner)
  • vurdere og bruke relevante filformater for tekst, bilde, lyd, video og animasjoner
  • vurdere multimedieprodukter med hensyn til brukergrensesnitt og funksjonalitet

Lykke til!

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.

Ein tanke om “Infographics”

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.