Lag din eigen spelkonsoll

Har du lyst å lage din eigen (retro) spelkonsoll, eller tilsvarande prosjekt? Her kan du få tips til korleis du kjem i gang med å lage til dømes ein handhaldt versjon, ein du kan ta med deg rundt om kring i verden, eller kanskje eit godt gammaldags arkadekabinett? Det du treng er typisk ein Raspberry PI, minnekort på 8 GB eller meir, samt eventuelt ekstrautstyr alt etter kva type versjon du ynskjer å lage.

Eg underviser i faget Teknologi og forskningslære 1 på Amalie Skram vidaregåande skule og har hatt stort hell med å køyre dette prosjektet for å introdusere mini-datamaskiner (som Raspberry PI og Arduino), konsept rundt programmering, elektronikk og meir til. Prosjektet kan utvidast etter behov i alle moglege retningar. Har du lite til ingen bakgrunn i nokon av fagfelta kjem du alltids i mål likevel, der du typisk må bruke meir ferdiglaga løysningar. Skal du lære noko set du deg som mål å gjere det meste på eige hand. Feil vil dukke opp, det lærer du av.

Utstyr

Raspberry PI er enkelt og greitt ei datamaskin i «miniform». Med den nyaste modellen har den faktisk fått respektable spesifikasjonar som klarar å køyre det meste av prosjekta eg har forsøkt meg på òg. Men merk deg at maskinvaren har nokre begrensningar. Den har til dømes ein Broadcom BCM2836 Arm7 Quad Core Processor, som køyrer på 900MHz, med 1GB RAM. Størrelsen er som eit kredittkort. Du har vanleg HDMI-utgang, 4 stk. USB-portar (her kan du til dømes koble til trådlaust nettverk, tastatur, mus, spelkontroller, mm.), Ethernet for kabla nettverk, micro SD-kort, lyd, moglegheit for å bruke eit kamera (foto, video), mm.

raspberry-pi-2-model-b

 

Ein Raspberry PI vil koste deg ca. 350-400 kroner. Minnekort finn du i alle priskategoriar, men ikkje kjøp det billigaste og treigaste. Minnekortet blir brukt som lagring for operativsystem og emulatorar, spel, med meir. Eg anbefalar som eit minimum 8 GB og kategori 10.

Skal du lage ein spelkonsoll så anbefalar eg å bruke ein PS3- eller Xbox 360-kontroller. Trådlaust fungerer fint. Du bruker då typisk ein USB-port til dette. Skal det vere mogleg å spele multiplayer så går det òg fint, berre plugg i ein til. Dersom du ynskjer ein meir tilpassa versjon, samt at du vil lære meir, så kan du til dømes kjøpe deg arkade joystick-deler og lodde dette til systemet. Meir om det seinare.

Du koblar til ekstern skjerm med HDMI-kabel, utan noko meir stress. Dersom du vil koble til skjermar i mikro-størrelse til dei ulike prosjekta eg lenker til så er det litt meir arbeid, men stort sett rett fram.

Tastatur og mus, samt wi-fi og andre essensielle ting kan du òg koble til direkte i USB-portane. Det meste av utstyr fungerer, men sjekk til dømes denne lista over kompatible wifi-donglar om du vil vere heilt sikker.

Design

Kva du velger å gjere med utseendet kjem an på kva type prosjekt du ynskjer å lage. Du finn ferdiglaga cover/case/enclosure i alle fargar og fasongar, men det er først når du snekrar, modellerer eller 3D-printar noko sjølv at det verkeleg blir spennande.

3D-printeren eg har tilgang til på Amalie Skram vgs. er ein Makerbot Replicator 5th. gen, og her har ein på dei offisielle dele-3D-modeller-med-resten-av-verden-sidene mange spennande ferdiglaga ting, som til dømes Gameboy- og Nintendo-case. Søk på Thingverse og du finn mykje anna snacks.

A Raspberry Pi powered portable emulation machine. Now you can take your retro gaming anywhere you go. -- http://www.thingiverse.com/thing:321624
A Raspberry Pi powered portable emulation machine. Now you can take your retro gaming anywhere you go. — http://www.thingiverse.com/thing:321624

Skal du lage eigne ting, noko du sjølvsagt bør, så er programmet Sketchup frå Google eit fantastisk verktøy. Pass på å eksporter 3D-modellane til eit passande format for printeren, der obj fungerer bra. Her får du dekka inn nokre av kompetansemåla om design og produktuvikling i ToF1.

Programvare og spel

Når det gjeld operativsystemet på ein Raspberry PI så står du ganske fritt til å velge kva du vil. Men, det er ikkje kva som helst som vil fungere. På dei offisielle sidene til Raspberry PI finn du mellom anna NOOBS (som lar deg velge ulike versjonar), og ulike ferdigversjonar som Raspbian (min anbefaling for deg som vil begynne ein plass), RASPBMC (som lar deg lage ein velfungerande mediesenterløysning, og er endå eit eksempel på eit spennande prosjekt), osv.

Til prosjektet me snakkar om her så er det laga spesielt ein versjon/tilpassing av operativsystemet Raspbian som heiter RetroPie. Det kjem stadig vekk nye versjonar, og det blir lettare og lettare å bruke programvaren. Du bør likevel sette deg som mål å finne ut av korleis du finn fram i filsystemet (utan å bruke eit grafisk brukergrensesnitt) og korleis ting heng saman. Dette inkluderer å vite kvar spel, konfigurasjonsfiler og andre filer blir lagra.

Er du heilt ny med tanke på kommandolinja i Linux så er det berre å begynne å lese og øve. Noko elevane mine har likt er codecademy sitt «Learn the Command Line«.

Sidan RetroPie stadig gjer små endringar så anbefalar eg å bruke nettstaden og hjelpesidene der som eit startpunkt. Ei side som skal vere oppdatert er «First Installation«-hjelpa på GitHub.

Før du bestemmer deg for eit større og meir omfattande prosjekt så er det ein god idè å teste at alt fungerer med «standard utstyr og oppsett». Med det meiner eg å koble til tastatur, kontroller, wifi, skjerm og eventuelle andre ting før du puttar det inn i ein «innpakking» som gjer arbeidet ditt med å teste og feilsøke vanskelegare. Skal du gjere noko meir komplisert, forsøk ein ting om gongen. Steg for steg, veit du.

Større prosjekt

Det er kanskje her det verkeleg blir spennande for nokon. Dei foreståande punkta vil ofte gå ganske uproblematisk for seg. Så, kva kan ein gjere? Mykje, og sikkert mykje meir enn det. Her er nokre utvalgte tips – søk etter meir sjølv om dette ikkje traff deg.

Arkadekabinett

Det finnes mange tilsvarande guidar, men denne av Eirik Solheim i NRKBeta er grundig nok og resultatet blir veldig stilig.

Arkadekabinett, type heimesnekra. Av Eirik Solheim, NRKBeta.
Arkadekabinett, type heimesnekra. Av Eirik Solheim, NRKBeta.

Les heile guide hos NRKBeta.no.

Handhaldt spelkonsoll

Her finnes det og ulike versjonar, men ein av dei mest populære er Adafruit sin PiGRRL – Raspberry Pi Gameboy:

Sjå ein fullstendig gjennomgang av alle deler av prosjektet på Adafruit sin nettstad.

Eventuelt kan du kike på ein variant av den over som eg personleg likar betre, kalla Pocket PiGRRL:

Her finn du òg ein grundig og god beskrivelse på nettstaden til Adafruit. Merk at du kan kjøpe alt av grunnutstyret der òg. Det blir billigare å finne delene her og der på ulike nettbutikkar, men så var det dette med å gjere det mest mogleg lettvint då.

Har du gjort noko tilsvarande, eller har du tips til noko eg ikkje har nevnt? Kom med det!

Fleire tips til ting du kan gjere med Raspberry PI? OK, køyr på.

Publisert av

Jo Bjørnar

I am a teacher at "Amalie Skram videregåande skule", a high school in Bergen, Norway. I teach computer science, technology and research and media. Every now and then I publish something in line with this, it being photography, filming, programming and the like. More often, though, you will find something about my big passion; mountains and the outdoors. I hike, walk, ski, telemark and enjoy this as often as possible.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.