(Check out the english version.)
Hei og velkommen. Mitt navn er Jo Bjørnar Hausnes og dette er den såkalla bloggen min der eg ein gong i blant skriv litt om teknologi eller fjell(turar). Eg kjem frå Norge, vaks opp i Granvin (Hardanger) og bur for tida i Bergen.
Det går ikkje lang tid mellom kvar tur ut i naturen, der eg trives best på ein fjelltopp med utsikt over fjord og fjell. Eg postar gjerne turguidar med bileter og videoar, GPS-koordinatar og ein liten beskrivelse når noko er verdt å nevna.

Eg skriv også litt om det å ta bileter og å filme, til dømes korleis du kan oppnå slow motion-effekt med ein plug-in for Premiere Pro, timelapse eller HDR-teknologi.
Eg skriv til og med om jobben min. Eg jobbar på Amalie Skram vidaregåande skule, ein vidaregåande skule i Bergen sentrum, der eg underviser i informasjonsteknologi (1 og 2), teknologi og forskningslære, mediefag og engelsk. Eg postar gjerne nokre programmeringstips (korleis du kan lage små spel, CSS-teknikkar og liknande).
Historie
Eg er utdanna dataingeniør, eller har bachelor-grad i data som det gjerne heiter no. Eg har studert ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Vestfold og University of Wisconsin, Platteville. I tillegg til dette har eg studert engelsk og pedagogikk ved Universitetet i Bergen.
Andre kjelder
Bileta mine finn du på Google+ (eller Picasa) ikkje lenger så lett tilgjengeleg til offentleg bruk. Eg har fortsatt eit offentleg album med ein del bileter. Sei frå dersom du ynskjer å bruke bileta til noko. Dette er «hovedplassen», der eg lastar opp alt det eg deler. Eg har også kontoar på Flickr , 500px og Expono for å teste desse ut. Du finn meg på Instagram som «hausnes«.
Filmane mine finn du på både YouTube og Vimeo. Innhaldet er stort sett det same på dei to kontoane, men det er greitt å ha alternativ.
Eg brukar Wimp, Spotify og SoundCloud for musikkbehova mine. Eg har tilogmed lasta opp nokon av dei gamle «hitsa» meg og vennane mine laga i Fasttracker 2 til Soundcloud-profilen min. Les meir om korleis dette fungerer her. Dersom du har lyst til å sjekke ut musikksmaken min så finn du den under Last.FM-statistikken min.
Eg har og ein del andre test-bloggar som eg bruker til .. testing. Sjå til dømes tumblr-bloggen for ein vegg med Instagram-bileta mine og andre godsaker.
- Jo Bjørnar Hausnes@tumblr (blogg, med fokus på bileter)
- Jo Bjørnar Hausnes@Pinterest (inspirasjon, tutorials, infographics, med meir)
Gje meg ein lyd dersom du har nokre spørsmål.
—
Hello, and welcome. My name is Jo Bjørnar Hausnes and this is my blog where I write a little something every once in a while about technology and mountains. I’m from Norway, grew up in Granvin (Hardanger) and live in Bergen.
Not many weekends go by without a trip out into nature, preferrably the mountains. I post «tour guides» with pictures and videos, GPS-coordinates, and a small description when something might be considered interesting.
I also write about taking pictures and shooting video, for example how you could get a slow motion effect with a plug-in for Premiere Pro, timelapse or HDR-technology.
I even write about my job. I work at Amalie Skram upper secondary school, where I teach computer science (Informasjonsteknologi 1 and 2), technology and research, media and English. I might post some programming-tips (making small games, CSS-techniques, and the like).
History
I have studied computer science, and have a bachelor degree from the University in Stavanger (including shorter visits at Høgskolen i Vestfold and University of Wisconsin, Platteville). In addition to this I have a one-year study of English and pedagogics from the University in Bergen.
Other websites
My pictures can be found at Google+ (or Picasa) not so easily be found online anymore. But, I still have a public album on Google Photos. This is the main place for my pictures, everything I share is uploaded here. I also have accounts at Flickr, 500px and Expono for testing purposes.
My videos are uploaded to both YouTube and Vimeo. The content is the same on the two accounts, but it’s always nice to have alternatives.
I use Spotify and SoundCloud for my music needs. I have even uploaded some of the old «hits» me and my friends made in Fasttracker 2 to my SoundCloud-profile. If you want to stalk me and see what I listen to you could check out my Last.FM-statistics.
I also have lots of other test-blogs, which I only use for .. testing:
- Jo Bjørnar Hausnes@tumblr (blog, focused on pictures/photography)
- Jo Bjørnar Hausnes@Pinterest (inspiration, tutorials, infographics, and more)
Let me know if you have any questions.
You must log in to post a comment.