Eg kjem frå Granvin, ei flott bygd eg er stolt av å kome frå. Eg er titt og ofte tilbake, mykje grunna den flotte naturen. Er det ei utsikt eg så godt som alltid får med meg er det sjølvaste «utsiktspunktet» over nedre Granvin og Granvinsfjorden. Mange spør meg korleis du kjem deg dit, så her er ein liten forklaring. Det er nemleg veldig lett.
Kategori: Fjell
Turtips: Como-sjøen
Italia er eit flott land, som det er skrive mange gode tips om. Når me bestemte oss for å reise til Como-sjøen i sommar så var det derimot litt vanskelegare å finne gode turtips med tanke på fjellturar godt egna for bæremeis og småfolk. Her har eg derfor samla litt av våre turmål som falt i smak, med tilhøyrande bileter.
Lag din eigen Instagram-video
Det er lett å filme med mobiltelefonen din via Instagram-appen og legge det rett ut på Instagram. Men kva viss du vil filme med anna utstyr eller andre appar, tilpasse etter behov, for så å legge ut?
Her har eg filma og laga timelapse med stillbileter frå eit GoPro-kamera (Hero 3+). Filmen er satt saman i Adobe Premiere Pro, men kunne like godt vore laga i Windows Movie Maker, iMovie eller andre gratis alternativ. Framgangsmåte: Legg inn alle bileta, merk dei og vel at dei skal vare ca. 0.2 til 0.3 sekund. Forsøk deg fram dersom det går for seint eller for fort.
Her er nokre kjappe tips til korleis du kan tilpasse ditt redigeringsprogram.
- Maks 15 sekunder lang film.
- Oppløysning 640×640.
- Videoformat: H264.
- Lyd: AAC, mono, 64kbps.
- Bitrate: 2-3 Mbps bør halde. Forsøk deg fram om du opplever problem.
Sommar i Granvin, Hardanger (2014)
Ein samling med klipp frå kjente og kjære fjelltoppar og områder i eller rundt draumfagre bygdi i indre Hardanger; Granvin. Alt er filma sommaren 2014. Eg har skrive på navn inne i filmen på ein del utvalgte stader, toppar og områder. Håpar dette hjelp deg å posisjonera kvar ein er dersom det er nokon av stadane du sjølv ynskjer å ta ein tur til. Eksempel er Nesheimshorgi, Midtfjell, Hardangerfjorden, Stokksel, Oksen, Olastøl, Osete, Espelandsdalen og Espelandsfossen, Trollavatnet, mm.
Midtfjell i Hardanger
Midtfjell, på 1255 moh., er ein av dei mange godbitane i Hardanger, med sin fantastiske utsikt mot mellom anna Eidfjorden og Sørfjorden. Fjellet ligg på nordsida av Eidfjorden, mellom Disk og Grimsnuten. Midtfjell tilhøyrer Ulvik kommune, men moglege ruter går og frå Granvin. Du ser Midtfjell veldig tydeleg frå Hardangerbrua, og følgeleg ser du brua veldig godt frå toppen.
Panorama: Stitching images together
This is a short guide to how you can stitch together several images into a big one. Most people have experienced admiring a view and then wanting to take a picture of it. The problem though; not quite getting all of it in the same picture. It’s hard to get everything your eyes see into the camera’s viewfinder. How far can you back off before you fall of the mountain?

There are several solutions, and the one I will focus mostly on here is in the software department. Note that others might be better choices for a specific situation.
Trollavatnet i Espelandsdalen
Trollavatnet (ofte forkorta Trollvatnet) er eit lite vatn som ligg høgt til fjells, nærmare bestemt på ca. 1200 moh., rett under Olsskavlen (1576 moh.).
Kjeåsen i Hardanger
Kjeåsen er ein fjellgard i Eidfjord kommune i Hordaland. Garden ligg på ein avsats i fjellet ca. 530 moh innerst i Simadalsfjorden.
Kjepsostølen i Hardanger
Kjepso er for mange «utombygdingar» mest kjent for sine 30 minutt i rampelyset i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du kan fortsatt sjå programmet på NRK sin nett-TV.
Dersom du berre er interessert i bileter kan du sjå nokre i eit album som ligg på Google+.
Jordalen Highcamp 2013
Dei siste åra har ein gjeng arrangert ein uoffisiell «Høgleir» i Jordalen, der kjekke folk samlast for å køyre ski og kose seg med lavvo-liv og bål. I år traff me minst like godt som i fjor!
You must be logged in to post a comment.