Utkikspunktet, Granvin i Hardanger

Eg kjem frå Granvin, ei flott bygd eg er stolt av å kome frå. Eg er titt og ofte tilbake, mykje grunna den flotte naturen. Er det ei utsikt eg så godt som alltid får med meg er det sjølvaste «utsiktspunktet» over nedre Granvin og Granvinsfjorden. Mange spør meg korleis du kjem deg dit, så her er ein liten forklaring. Det er nemleg veldig lett.

Hald fram å lesa Utkikspunktet, Granvin i Hardanger

Turtips: Como-sjøen

Italia er eit flott land, som det er skrive mange gode tips om. Når me bestemte oss for å reise til Como-sjøen i sommar så var det derimot litt vanskelegare å finne gode turtips med tanke på fjellturar godt egna for bæremeis og småfolk. Her har eg derfor samla litt av våre turmål som falt i smak, med tilhøyrande bileter.

Hald fram å lesa Turtips: Como-sjøen

Sommar i Granvin, Hardanger (2014)

Ein samling med klipp frå kjente og kjære fjelltoppar og områder i eller rundt draumfagre bygdi i indre Hardanger; Granvin. Alt er filma sommaren 2014. Eg har skrive på navn inne i filmen på ein del utvalgte stader, toppar og områder. Håpar dette hjelp deg å posisjonera kvar ein er dersom det er nokon av stadane du sjølv ynskjer å ta ein tur til. Eksempel er Nesheimshorgi, Midtfjell, Hardangerfjorden, Stokksel, Oksen, Olastøl, Osete, Espelandsdalen og Espelandsfossen, Trollavatnet, mm.

Hald fram å lesa Sommar i Granvin, Hardanger (2014)

Midtfjell i Hardanger

Midtfjell, på 1255 moh., er ein av dei mange godbitane i Hardanger, med sin fantastiske utsikt mot mellom anna Eidfjorden og Sørfjorden. Fjellet ligg på nordsida av Eidfjorden, mellom Disk og Grimsnuten. Midtfjell tilhøyrer Ulvik kommune, men moglege ruter går og frå Granvin. Du ser Midtfjell veldig tydeleg frå Hardangerbrua, og følgeleg ser du brua veldig godt frå toppen.

Hald fram å lesa Midtfjell i Hardanger

Panorama: Stitching images together

This is a short guide to how you can stitch together several images into a big one. Most people have experienced admiring a view and then wanting to take a picture of it. The problem though; not quite getting all of it in the same picture. It’s hard to get everything your eyes see into the camera’s viewfinder. How far can you back off before you fall of the mountain?

Panorama picture, taken from the top of Midtfjell, in Hardanger, Norway - at 1255 meters.
Panorama picture, taken from the top of Midtfjell, in Hardanger, Norway – at 1255 meters.

There are several solutions, and the one I will focus mostly on here is in the software department. Note that others might be better choices for a specific situation.

Hald fram å lesa Panorama: Stitching images together