Øl

Endå eit bevis på at det finnes mykje godsaker innan verda av leskande drikker, og så er det jo flott framstilt, og.

Det finst mykje godt å ta av.

Kjelde

Dersom du likar slikt innhald så kan eit godt tips være å anskaffe seg appen Untappd, som og har ei nettside som fungerer greitt. Det er ein del små irritasjonsmoment med appen (alt blir ikkje oppdatert perfekt, mellom anna), men er alt i alt ganske nært perfekt for ein ølelskar. Du kan legge inn øl du har drikke, gje dei karakterar, skrive litt om dei om du vil, laste opp eit bilete, med meir. I tillegg til at du då får ein loggføring over ditt konsum, og følgeleg kan sjå farlege drikketrendar som du kan reagere på (ikkje drikk for masse), så kan du og skåle og kommentere på det dine vennar drikk. Du treng altså ikkje gå ut og drikke lenger. Lenge leve det heildigitale liv.. Når du i tillegg får anbefalingar basert på kva du drikk, kan følge med på kva som skjer i ølverden osv., så er dette godsaker. Last ned, logg inn!

Untappd. Drink socially, drink responsibly.
Untappd. Drink socially, drink responsibly.

Andre alternativ eg har forsøkt er RateBeer, som både finnes til Android og «r8beer.com as a cross-platform mobile rating web site». Ingen iPhone-, Blackberry eller Windows-app, med andre ord. Kjem ikkje nært Untappd ein gong for min del.

Memories: Telemark skiing in Hardanger

Looking through some old folders of images and small clips from my now retired Canon Powershot A620 I found some nice memories from me and my friends telemark skiing in and around the Hardanger region of Norway. Of course, this bunch of old movies was put together to collect these memories.

Hald fram å lesa Memories: Telemark skiing in Hardanger

Pudder Nonfjell og Smøreggi

Denne helga var det store mengder snø til fjells, men varierande ver. Uansett, meir perfekte forhold skal du leite lenge etter. Lett å gå, trass store mengder pudder. «Pillows» er eit ord eg ikkje bruker ofte, men no var ein kvar stein eller anna utspring dekka av ein stor ball med kvite godsaker slik at det berre var å hive seg utfor ein kvar fjellskrent.

Hald fram å lesa Pudder Nonfjell og Smøreggi