Tips: Tilgang på Linux-filsystem i Windows

Vårt utgangspunkt var eit minnekort til ein Raspberry PI som ikkje lenger kunne boote etter ein mislykka oppdatering. Den enkle løysinga var å reinstallere heile operativsystemet, Raspbian, men då mista me filer me hadde jobba med. I utgangspunktet får du berre tilgang til «boot»-partisjonen via Windows (då denne er ein partisjon med FAT32), som ikkje inneheld filene du typisk jobbar med inne i operativsystem.

Korleis få tilgang på desse filene frå det Linux-baserte filsystemet?

Hald fram å lesa Tips: Tilgang på Linux-filsystem i Windows

Lag din eigen spelkonsoll

Har du lyst å lage din eigen (retro) spelkonsoll, eller tilsvarande prosjekt? Her kan du få tips til korleis du kjem i gang med å lage til dømes ein handhaldt versjon, ein du kan ta med deg rundt om kring i verden, eller kanskje eit godt gammaldags arkadekabinett? Det du treng er typisk ein Raspberry PI, minnekort på 8 GB eller meir, samt eventuelt ekstrautstyr alt etter kva type versjon du ynskjer å lage.

Eg underviser i faget Teknologi og forskningslære 1 på Amalie Skram vidaregåande skule og har hatt stort hell med å køyre dette prosjektet for å introdusere mini-datamaskiner (som Raspberry PI og Arduino), konsept rundt programmering, elektronikk og meir til. Prosjektet kan utvidast etter behov i alle moglege retningar. Har du lite til ingen bakgrunn i nokon av fagfelta kjem du alltids i mål likevel, der du typisk må bruke meir ferdiglaga løysningar. Skal du lære noko set du deg som mål å gjere det meste på eige hand. Feil vil dukke opp, det lærer du av.

Hald fram å lesa Lag din eigen spelkonsoll

Speltips: Samarbeid (co-op)

Her kjem nokre tips til spel som fungerer bra dersom du vil spele saman med nokon andre frå sofakroken. Mine erfaringar kjem frå PS3, PS4 og PC, men du finn spela på mange andre konsollar og maskiner òg. Merk at det går an å få med kona på slikt noko, dersom du vel riktige spel. Desse har fungert for meg.

Hald fram å lesa Speltips: Samarbeid (co-op)

Lag din eigen Instagram-video

Det er lett å filme med mobiltelefonen din via Instagram-appen og legge det rett ut på Instagram. Men kva viss du vil filme med anna utstyr eller andre appar, tilpasse etter behov, for så å legge ut?

Her har eg filma og laga timelapse med stillbileter frå eit GoPro-kamera (Hero 3+). Filmen er satt saman i Adobe Premiere Pro, men kunne like godt vore laga i Windows Movie Maker, iMovie eller andre gratis alternativ. Framgangsmåte: Legg inn alle bileta, merk dei og vel at dei skal vare ca. 0.2 til 0.3 sekund. Forsøk deg fram dersom det går for seint eller for fort.

Her er nokre kjappe tips til korleis du kan tilpasse ditt redigeringsprogram.

  • Maks 15 sekunder lang film.
  • Oppløysning 640×640.
  • Videoformat: H264.
  • Lyd: AAC, mono, 64kbps.
  • Bitrate: 2-3 Mbps bør halde. Forsøk deg fram om du opplever problem.

Kjelde, med fleire tips og detaljar.

Fleire tips, frå Instagram.

Tips: Zoom inn på skjerm

Som lærar, foredragshaldar og kanskje ein som generelt likar å kome nærare inn på ting, så treng du å kunne gjere nettopp det: «zoome». Ein typisk presentasjon bruker overskrifter, bileter og andre typar element som er lett å sjå, med store fontar og tydelege og utheva detaljar. Dersom du derimot skal vise fram meir detaljar for brukaren, midlertidig, så finnes det moglegheiter for dette både til Windows, Mac og Linux.

Hald fram å lesa Tips: Zoom inn på skjerm

Panorama: Stitching images together

This is a short guide to how you can stitch together several images into a big one. Most people have experienced admiring a view and then wanting to take a picture of it. The problem though; not quite getting all of it in the same picture. It’s hard to get everything your eyes see into the camera’s viewfinder. How far can you back off before you fall of the mountain?

Panorama picture, taken from the top of Midtfjell, in Hardanger, Norway - at 1255 meters.
Panorama picture, taken from the top of Midtfjell, in Hardanger, Norway – at 1255 meters.

There are several solutions, and the one I will focus mostly on here is in the software department. Note that others might be better choices for a specific situation.

Hald fram å lesa Panorama: Stitching images together

Infographics

Infographics er grafiske representasjonar av informasjon, data eller kunnskap som er meint å presentere kompleks, og gjerne «tørr», informasjon på ein rask og tydeleg måte. Du får ikkje alltid gått like mykje i dybden, men det fungerer bra som ein oppsummering. Ikkje minst; det er spennande å jobbe med, og ofte visuelt spennande å lese eller sjå.

Hald fram å lesa Infographics

Web: Musikk og teknologi

Det finnes mykje god musikk, og eg skal ikkje blande meg opp i kva du høyrer på. Men, eg har lyst til å gje nokre tips til litt meir inkluderande og fascinerande opplegg der kreativitet viser kva du kan få til med litt forholdsvis enkel web-teknologi og lydar. Me snakkar fortsatt musikk, men du kan delta utan å vere i stand til å gnikke på ein gitar, blåse inn i ein trombone eller hamra laus på trommer. Du må rett og slett kunne trykke på ei mus/ein touchpad/ein skjerm eller liknande. Slå deg laus.

Hald fram å lesa Web: Musikk og teknologi