Framheva
Arkivet
Prosjekt
Om meg
Fjell, chips og programmering
Eg er lærar ved Amalie Skram VGS, der eg underviser i m.a. programmering og IT. Mange av prosjekta mine startar som noko eg treng i klasserommet: eit køsystem, temperaturdata elevane kan analysere, eller oppgåver som gjer webutvikling litt meir moro.
Når eg ikkje sit bak tastaturet, er eg truleg på veg opp ei fjellside med ski på sekken. Eg har gjerne med meg eit kamera, ei drone eller ein annan måte å dokumentere på. Dette kan du sjå litt av i fotosamlinga under, eller på YouTube-kanalen min.
Eg har i tillegg ein del (primært eldre) turtips til nokre av mine favorittfjell og stader. Få inspirasjon til din neste tur i bloggen.
Språk, teknologiar og ferdigheiter
- Web
- JavaScriptHTMLCSSTypeScript
- Server og data
- Node.jsExpressSQLSQLiteDocker
- Python
- PythonJupyterDatanalysePyGame
- KI
- MediaPipeBildeanalyseKI-assistert koding
- Maskinvare
- Raspberry PiPicoArduinoESP32
- Media
- FotoProgramvareDroneFilm