"Haimabrogg"
Lært ved kjelen, ikkje frå ei bok
I Hardanger og på Voss har folk brygga sitt eige øl i hundrevis av år. Ølet var ein del av høgtidene, av jola, bryllaupa og gravøla, og kvar gard hadde gjerne sin eigen kveik og si eiga oppskrift.
Me lærte korleis ting skal gjerast av far min, og har teke med oss innspel frå andre lokale heltar, der mellom anna Kjetil Dale (Eldhuset Dale) har kome med mange gode innspel. Det meste sit i hendene og i nasen, og vert gjeve vidare ved at me står saman ved kjelen ein heil dag. Alle som ynsjer å læra er hjarteleg velkomen.
I dag bryggjer Hausnesbrogg oftast saman med min gode kompis Svein Ringheim og bryggeriet hans, Mjøstølen Bryggeri. Ølet vert brygga fleire gonger i året, gjerne til jol, påske, sommar og haust. Kvart brygg får sitt eige namn og sin eigen etikett.
«Denna va' de heldige med.» Mora til ein av bryggekarane
Det som går i kjelen
Fem ting, og ein heil dag
-
Brakje
Einer, henta på Olastøl, i Espelandsdalen, Kinsarvik, Osa og Bønes. Gjev ølet den skogsfriske smaken.
-
Kveik
Gamal gardsgjær frå Voss, mellom anna Rivenes-kveik frå Dyrvedalen. Han likar det varmt og jobbar fort.
-
Malt
Mest pilsnermalt, gjerne 25 kg. Av og til med nokre ekstra kg München- eller pale ale-malt for meir fylde.
-
Humle
Ein moderne vri på det gamle: Cascade og Amarillo, av og til ein skvett Chinook.
-
Vatn
Frå gamlebrønnen eller nyebrønnen i Hausnes. Bryggjarane meiner det smakar skilnad.
Prosessen
Frå brakje til oppskåka
Ein bryggedag startar tidleg og sluttar seint. Slik går det føre seg, steg for steg.
-
Steg 1
Hente brakje
Før bryggedagen går me til fjells etter brakje, som er det gamle ordet for einer. Me skjer friske, grøne kvistar. Me likar å tru at kvar plass gjev sin eigen smak, og difor står det alltid kvar brakjen kjem frå på etiketten.
-
Steg 2
Fyre opp og lage brakjelåg
Vatnet frå brønnen går i den store kjelen over open eld. Deler av brakjen kokar med, og vatnet blir til brakjelåg (einerlåg). Dette pleier eg gjere kvelden før bryggedagen, eller grytidleg på morgonen. Brakjelågen varmast opp mot 80 grader, og er då klar for neste steg.
-
Steg 3
Mesking
Malten blir rørt ut i den varme brakjelågen - sjølvsagt med eigenprodusert meskestav frå garden. Du skal ta så mykje av brakjelågen opp i malten at det skal drypa tre gonger frå meskestaven. Så står det og trekkjer, godt innpakka i ei vintermatta. Dette er tida for å setje seg ved elden og ta ein prat, og gjerne eit glas med forrige batch om du har noko.
-
Steg 4
Silting gjennom brakje
I botnen av silkaret legg me krossatre/steinar eller liknande, slik godsakene kan renne ut av tønna. Oppa krossatreet legg me eit tjukt lag brakje, med ein stein oppå som held det på plass. Legg mesken på toppen, og hell deretter vatn på 70+ grader over. Mengden med vatn bestemmer kor mykje øl du sit att med. Veska renn sakte gjennom, og einerkvistane fungerer som eit naturleg filter. Det som kjem ut, er søt vørter.
-
Steg 5
Koking med humle
Vørteren går attende i kjelen og kokar over elden. Frå det kokar pleier me la det koke i 2 timar. Humlen går oppi på ulike tidspunkt. Om sommaren flyttar me heile bryggeriet ut på tunet. Det er alltid litt vørter som ikkje får plass i kjelen, og det har blitt til eigne eksperiment, som Granvinsgraps.
-
Steg 6
Kjøling og kveik
Når vørteren er avkjølt til han er handvarm (rett under 40 grader), går den over i gjæringstønna, og kveiken blir tilsett. Kveik likar det varmt og jobbar fort. Etter ca. 5 dagar kan ølet vere klart til å takast, men dette varierer.
-
Steg 7
Oppskåka
Så snart det let seg gjere etter at ølet er gått ferdig, er det oppskåka: ølet blir smaka på og delt ut, og vener, naboar og familie samlast. Først då veit me om det vart eit brygg å hugse. ..og om det vart veldig godt er det ikkje sikkert du hugsar så mykje uansett.
Brygga
Alle brygga frå Hausnesbrogg
Kvart brygg har sitt eige namn og sin eigen etikett. Trykk på eit brygg for å lese meir.
Alle brygga ligg òg på Untappd ↗